Ulsteinvik
Ei ny kulturoase midt i Ulsteinvik sentrum
Bjørndals Minne var ferdig bygd i 1955. Bygget som vart reist i kunnskapen sitt teikn. Den første tida husa bygget seks klasserom og ei folkeboksamling. I løpet av desse åra har huset hatt mange ulike funksjonar slik som m.a. gymnasklasser, barnehage og bibliotek.
I 2019 tok arbeidet til med å restaurere bygget. I dag står bygget fram som eit praktbygg i Ulsteinvik sentrum.
Skulen som opna ei dør
Det heile tok til med Torvald Bjørndal som i 1935 kom attende til heimbygda Ulsteinvik etter studiar i Oslo. Han hadde med seg kunnskap i både teologi, historie, geografi og engelsk – og eit brennande ynskje om å gje ungdom i bygda utdanningsmoglegheiter. Saman med Judith Garshol, som han seinare gifta seg med, tok han til å byggje opp mellomskulen i Ulstein. Frå å vere eittårig, vart skulen utvida til to år, og starten på ei reise som skulle forme både enkeltliv og bygdesamfunn var i gang.