pressefotoAnnHelenHaagensen.jpg

ANN HELEN
HAAGENSEN

Ann Helen Haagensen er utdanna «Creator and Art Director». Utdanninga har ho mellom anna frå Den Danske Reklameskole, Westerdals og Merkatilt Institutt. 

 

Haagensen har gjennom mange år utvikla sitt heilt unike uttrykk og særegne kunsteriske prosessar. Kunsten hennar er i hovedsak abstrakt og inspirasjonen hentar ho frå sjølve livet. Både eiga sinnsteming, naturen, draumar og vêret påvirkar uttrykka i kunsten hennar. 

 

Ann Helen Haagensen målar på lerret og nyttar mange ulike material i kunsten sin, som for eksempel perler, lauv og sand. Slik blir det mykje variasjon i kunsten og maleria hennar spenn frå fargerike og livlige, til mørkare uttrykk med rom for refleksjon. 

 

Ann Helen Haagensen har hatt fleire salsutstillingar i Ålesund, der den siste opna hausten 2020.

ARRANGEMENT MED
ANN HELEN HAAGENSEN

KUNSTUTSTILLING
PÅ JENTEKOLONIEN