arve tellefsen.jpg

ARVE
TELLEFSEN

Arve Tellefsen treng strengt tatt ingen introduksjon, men her får han ein liten ein likevel. Den kritikerroste fiolinisten og virtuosen, Arve Tellefsen, er ein av Noregs aller fremste musikarar.  

 

Sidan debuten i 1959, har Tellefsen hatt ei forrykande karriere. Han var student i både København og New York, før han vart konsertmeister i Wiener Symphoniker i 1977–83 og verka som professor ved Noregs musikkhøgskule i 1973–74 og 1983–92. Tellefsen har opptredd som solist over heile Europa, i USA og i Kina. I 1989 tok han initiativet til Oslo Kammermusikkfestival, og i 1995–96 var han kunstnarisk leiar for Trondheim Symfoniorkester. Han har spelt saman med Knutsen og Ludvigsen og er kjend for si tolking av norske folketonar. 

 

Arve Tellefsen har vunne ei rekkje prisar og utmerkingar. Mellom anna Prinsesse Astrids musikkpris (1956), Harriet Cohens pris (1962), Kritikarprisen (1969), Grieg-prisen (1973), Spellemannprisen (1977), Norsk Kulturråds Ærespris (1996), Ole Bull-prisen (2004) og Anders Jahres kulturpris (2007). 
 
Arve Tellefsen er kommandør med stjerne av St.Olavs orden (2005). 

 

Under årets Fjord Cadenza vert Arve Tellefsen å høyre i samspel med TrondheimSolistane. Arve er ein av vår tids største virtuosar og er ein perfekt match i samspel med årets festivalorkester. Tellefsen vil i konsertar både på Gomerhuset og i Ålesund Kyrkje, presentere eit utval av sine favorittar og vise oss litt av musikken som har betydd mykje for han sjølv gjennom ei lang og særs innhaldsrik musikkarriere.  

 

Vi er svært stolte og glade for å ha Arve Tellefsen med på årets festivalplakat! 

ARRANGEMENT MED
ARVE TELLEFSEN

ARVE TELLEFSEN
OG TRONDHEIM-
SOLISTENE PÅ GOMERHUSET
ARVE TELLEFSEN
OG TRONDHEIM-SOLISTENE I ÅLESUND KIRKE