PIOTR_CABAJ_SONGSKULE_FJORD_CADENZA_2020

CHARLOTTE
FONGEN

Sopranen Charlotte Fongen blir å sjå ved fleire spennande arrangement under årets Fjord Cadenza. Mellom anna inviterer ho til Operapub både på Teaterfabrikken i Ålesund og på Nerskøyløa i Skodje. Ho stiller også som instruktør for årets musikalskule, for born og ungdom. 

 

Charlotte Fongen er godt bereist innen klassisk musikk. Ho har gjort ei rekke roller på Den Norske Opera, Operaen i Kristiansund og ved fleire ulike operaer i Danmark. Ho er ein dyktig Oriatorie-songar og har sunge samans med dei beste orkestera Noreg har å by på. 

 

I 2008 dirigerte ho «Fengselskoret» for TVNorge, og ho har vore dirigent for ei rekke kor dei siste 20 åra. Ho er engasjert som pedagog i Dissimilis og skreiv operaen «Jenny - en annerledes opera», som vart sett opp på operaen i Bjørvika, hausten 2008. 

 

Solistutdanninga har ho frå Norges Musikkhøyskole, der ho tok si diplom-songutdanning i 1992. Ho har også studert ved Østlandets Musikkonservatorium og ved Barratt Dues Musikkinstitutt. Allereie som 5-åring sang ho i NRK sitt Pikekor, under leiing av Marie Foss. I løpet av 16 år var ho med i mange TV-framsyningar, konkurransar og turnear i Europa og USA. 

 

Vi gler oss til å høyre klassiske svisker, perler og landeplager frå Charlotte under årets Fjord Cadenza!

ARRANGEMENT MED
CHARLOTTE FONGEN

FESTIVAL-
VORSPIEL
MUSIKAL-
SKULE
OPERAPERLER
OPERAPUB
PÅ TEATER-
FABRIKKEN
OPERAPUB I NERSKØYLØA