edvard_hoem_paal_audestad_.jpg

EDVARD
HOEM

Edvard Hoem er ein av dei mest markante og stilsikre diktarane vi har i Noreg. Han er ein elska folketalar, gjendiktar, salmediktar og Bjørnson-biograf. Han har ei stor og allsidig portefølje, og er høgt elska for særegen og poetisk diktning, og lyriske romanar.  

Under årets Fjord Cadenza blir han å sjå i eit inspirert samarbeid med Jorun Marie Kvernberg på Nersøyløa i Skodje. Frå boka «Felemakaren» fortel Hoem om Lars Olsen Hoem, og Jorun Marie vil gje oss slåttar frå Romsdal. 

Hoem (f. 1949) har sidan1969 gitt ut meir enn femti romanar, skodespel, diktsamlingar, gjendiktingar, dokumentarromanar, samlingar med salmar og balladar, og biografiar. Han har òg arbeidd som omsetjar og gjendiktar. Han har gitt ut få diktsamlingar, men heile forfattarskapen er prega av eit openbert poetisk talent, og med sin formsikre nynorsk vert han rekna som ein av dei fremste stilistane i moderne norsk prosadikting. Med utgangspunkt i eiga slektssoge har Hoem frå 2005 blitt ein av landets mest folkekjære forfattarar, og den bestseljande romanserien om dei utvandra romsdalingane har eit opplag på over 300 000. Hoems bakgrunn som odelsgut til eit småbruk på vestlandskysten og son av ein lekpredikant kjem ofte til syne i temaval, politisk farge og stil i mykje av forfattarskapen.  

Kritikerane er sjeldent i tvil når det gjeld Edvard Hoem. Han har mellom anna motteke Kritikarprisen, Sunnmørsprisen, Achehougprisen, Nynorsk litteraturpris, Gyldendals legat, Petter Dass-prisen, Ibsenprisen, Språkprisen frå Språkrådet, og ikkje minst Brages heiderspris.  

Edvard Hoem vart utnemnd til kommandør av St. Olavs orden i 2020.  

ARRANGEMENT MED
EDVARD HOEM

EDVARD HOEM OG JORUN MARIE KVERNBERG