Ina Han Brekke.jpg

INA HAN
BREKKE

Fiolinist og stortalent, Ina Han Brekke (18), tek turen tilbake til Sunnmøre etter å ha vunne DNB sin solistkonkurranse under Fjord Cadenza i 2019. Denne gongen blir ho å sjå som solist i eit reindyrka Mozartprogram saman med TrondheimSolistane, under sjølvaste opningskonserten på Gomerhuset.  

Ina Han Brekke er eit stort musikalsk talent som mellom anna har fått nasjonal oppmeksemnd etter å ha vore læremeister i NRK-programmet Maestro. Ho studerar ved Barratt Due Musikkinstitutt og har i fleire år deltatt i det prestisjetunge talentprogrammet, Ung Filharmoni, der ho tidligare har vore utnevnt til konsertmeister. I 2020 mottok Ina, Linemans juniorpris for «analytiske evner og musikkteoretisk forståelse som bidrar til en ytterligere dimensjon i hennes spill.»  

I løpet av tida ved Barratt Due, har Ina Han Brekke sett stor nasjonal suksess med Trio HIA. Der har ho spelt filolin, saman med Harald Ramm Haugland på klaver og Amalie Thing Helseth på cello. Trioen har vunne ein rekke prisar, og vant i 2017 både æreprisen i Sparre Olsen-konkurransen og kammermusikklassen i Midgardskonkurransen.

 

Brekke er en musikalsk moden fiolinist som gir publikum spennande framsyninger gong etter gong. Vi kunne ikkje gledd oss meir til å sjå Ina på Gomerhuset, torsdag 12. august! 

ARRANGEMENT MED
INA HAN BREKKE

OPNINGS-
KONSERT:
HEILT MOZART