zach-lezniewicz-czPs0z3-Ggg-unsplash.jpg

JOHAN
SEWERIN

Johan Sewerin er ein svensk pianist busatt i Ålesund. Etter endt utdanning ved Det Kongelige Danske Musikkonservatoriet i København, flytta han til Vasa i Finnland. Der jobba han som lektor ved lærarhøgskulen og Korsholms Musikinstitut. I 1999 flytta han til Ålesund.

 

Ved sidan av jobben som lærar ved musikklinja på Fagerlia vidaregåande skule, og i Ålesund kulturskule, er han ein svært aktiv frilansmusikar,
ofte som akkompagnør til kor og solistar. Sewerin har mellom anna vore pianist for Bodil Arnesen og Arja Saijonmaa.

ARRANGEMENT MED
JOHAN SEWERIN

MUSIKALSKULE