marie løvås.jpg

MARIE
LØVÅS

24 år gamle Marie Løvås er utøvande musikar og låtskrivar frå Skodje. I løpet av musikkstudia i Oslo etablerte ho det som i dag er hennar faste band, og har sidan spelt ei rekke konsertar både i og utanfor hovudstaden. Dette resulterte til slutt i ei platekontrakt med det godt etablerte og anerkjende plateselskapet Kirkelig Kulturverksted. Her gav Marie ut sitt debutalbum «Natta ser det som ingen ser» på tampen av februar 2020. Både NRK P1 M&R, Radio Ålesund og Radio Nova har spelt låtane til Marie aktivt sidan ho slapp sin første singel «Alt he si tid» i 2017. Den heimekjære låta «Ta mej heim» og den drivande «Rollebytte» har også gått sin gang på lokal radio.

Låtene til Løvås presenterast i eit upolert visepoplandskap der nerven i både tekstane og stemma hennar trer tydeleg fram. Med ei varm og klar stemme og nære tekstar på norsk, formidlar Marie historier med ærligheit og varheit som skapar ei direktelinje til publikum. Dei mange naturmetaforane i tekstane til artisten vitnar også om at oppveksten på Sunnmøre har satt eit viktig preg på musikken hennar.

«Marie Løvås ønskes hjertelig velkommen - et nytt, stort og varmt talent har meldt sin ankomst.»

Tor Hammerø, Nettavisen

ARRANGEMENT MED
MARIE LØVÅS

FESTIVAL-
VORSPIEL