Portrett (1) MARKUS.jpg

MARKUS
BJØRLYKKE

Tenoren, Markus Bjørlykke frå Hareid, gjekk rett frå musikkteaterutdanninga til solistrolle i storsatsinga «The Phantom of the Opera» på Folketeateret.  

Markus Bjørlykke er utdanna ved Musikkteaterhøyskolen. Der fekk han trening i dei tre scenekunstfelta song, dans og skodespel. Han har bakgrunn frå jazzlinja på Trøndertun folkehøgskule, og har studert musikkvitenskap ved NTNU i Trondheim. Han er i dag student ved Operahøgskulen.  

 

Markus har brei erfaring med konsertar og framsyninger i både intime og større format. Han gjekk rett frå musikkteaterutdanninga til solistrolla Piangi, i storsatsinga «The Phantom of the Opera». Framsyninga samla fulle hus, og Markus sjølv vart nominert til «Best Actor in a Musical» av BroadwayWorld for rolla. Bjørlykke har tidlegare vore medvirkande i «Jesus Christ Superstar in Concert» og har i fleire omgangar vore skodespelar i Kristiansand dyrepark sine framsyninger av Kaptein Sabeltann og Kardemomme by.  

 

I 2020 vart Markus Bjørlykke tildelt Sparebank 1 SMN sitt talentstipend. Stipendet vert gitt til 25 unge talent innan ulike felt frå Midt-Norge. 

 

Under årets Fjord Cadenza stiller Markus som instruktør for festivalen sin musikalskule for barn og unge, og blir å høyre under Operapub både på Teaterfabrikken og på Nerskøyløa. Vi gler oss! 

ARRANGEMENT MED
MARKUS BJØRLYKKE

OPERAPUB PÅ
TEATERFABRIKKEN
OPERAPUB PÅ NERSKØYLØA