1P018E8z.jpeg


PERLESKUM

Etter eit langt venteår skal kvartetten Perleskum endeleg få framføre debutplata «Tytebæret» for eit levande publikum! To folkemusikarar og to jazzmusikarar leikar seg med nye tonar til Aasmund Olavsson Vinje sine gamle ord, med komponist Jorun Marie Kvernberg bak roret. Tuba-virtuosen Lars Andreas Haug ertar den kvikke nordmørs-stemma Unni Boksasp opp i nye høgder. På svarte og kvite loddar Dag-Filip Roaldsnes djupet, medan komponist, felespelar og songar Jorun Marie Kvernberg ausar på og opp og fram med boge og streng.

 

Dei ettertrakta musikarane har kvar for seg og i ulike konstellasjonar mangfaldige plateutgjevingar, fleire Spellemannprisar og ei imponerande merittliste.

 

«Perleskum» spring ut frå tingingsverket «På geitevis», som var tinga av Førdefestivalen 2018.

 

Jorun Marie Kvernberg: fele, hardingfele, song (og komposisjonar)

Unni Boksasp: folkesong, harpeleik

Lars Andreas Haug: tuba

Dag-Filip Roaldsnes: piano

Aasmund Olavsson Vinje: skarp penn

ARRANGEMENT MED
PERLESKUM

PERLESKUM: EIT MØTE MELLOM FOLK OG JAZZ
INTRO:
FELE + GRAUT
= SANT