Dorran Alibauder

Dorran Alibauder ein fransk cellist. Han blei født ein stad i nærleiken av Middelhavet, i dei sørlege delane av Frankrike. Dorran har spelt med ein rekke orkester og artistar – både i sitt eige heimland og i internasjonal samanheng, og har blitt ein ettertrakta musikar.

 

Han har blant anna vore førstecellist som gjest i Rotterdam Philharmonic Orchestra, Les Siècles, Aalborg Symfoniorkester og Trondheim Symfoniorkester, og har i tillegg turnert med ein rekke andre orkester internasjonalt, deriblant Mahler Chamber Orchestra, Kammerorchester Basel, Orchestre Romantique et Révolutionnaire og Orchestre National du Capitole Toulouse. Han har også arbeida saman med kjende dirigentar som Claudio Abbado, Pierre Boulez og Bernard Haitin.

 

Dorran blir ofte invitert til å spele på festivalar som Verbier, Zermatt og  BBC Proms, har spelt saman med kammermusikarar som Leif Ove Andsnes, Guy Braunstein og Håvard Gimse, samt med mentoren hannar, Jean-Guihen Queyra. I 2012 blei han invitert til å spele i Orchestra Mozart, noko han gjorde i fleire år.

 

I dag er Dorran førstecelist som gjest i Kringkastingsorkestert (KORK).