Ferdafolk

Ferdafolk har med historier og fantasi funne sin heilt særeigne måte å framføre lokal tradisjonsmusikk på. Med humor, fanteri og kreativitet bles dei livgjevande kraft inn i gamle og gløymde tonar. Med totalt ulik bak- grunn vert musikken deira eit møte mellom det vare og det ville, melodiøse linjer vert utfordra av sprelske og leikande rytmer, og tidlaus tradisjon og vår tids travelheit møtest i ein slags global grunntone.