Festivalkunstnar Evy Nupen

Evy Nupen er oppvaksen i Sykkylven, der ho no er busett. I Bakkedamsvegen har ho sitt studio, i fellesskap med andre Sykkylvskunstnerar. Det abstrakte er hennar uttrykksform, og ho arbeider intuitivt. Måleria blir til i nuet, i prosess og samspel med lerretet. Evy brukar eit stort fargespekter i bileta sine, i tillegg til kombinasjonar som ikkje er heilt tradisjonelle.

 

Nupen er sjølvlærd kunstner, og debuterte som utstiller hausten 2017 i Galleri Union i Geiranger. Bileta hennar har blitt tatt godt i mot av publikum både der, og under seinare utstillingar i området.

Til Jentekolonien tar Nupen med seg både måleri og giclèes i ulike 

uttrykk og format.