Del av Intro
Gjennom INTRO-satsinga vår ønskjer vi at alle skal få kjenne på gleda ved å oppleve noko saman. Kunst og kultur skal vere tilgjengeleg for alle – og av høgste kvalitet, sjølvsagt.
Familiedagen blir fylt med fantastisk musikk, spennande aktivitetar og skapande verkstader. Til slutt samlar vi heile gjengen til herleg allsong med laus snipp og høg feelgood-faktor.
Vi startar i Teltet i Tusenårsparken med Ensemble Allegria. Deretter blir heile Tusenårsparken fylt med rytmer, klangar, forteljingar, leik, skaparglede og rykande ferske bollar.
Avslutninga blir eit slag for allsongen – for dersom vi ikkje syng songane, forsvinn dei. Så enkelt er det!
Arrangementet er gratis.
Program
Kl. 12.00: INTRO KLASSISK – Klassisk utan hysjing!
Teltet i Tusenårsparken
Ensemble Allegria har halde nabolagskonsertar i kvar ein krik og krok av landet – og endeleg er det vår tur!
Dette er konserten for deg som kanskje aldri har vore på ein klassisk konsert fordi du trur det ikkje er noko for deg eller barna dine. Vi kan garantere at denne konserten er for absolutt alle!
Ensemble Allegria er eit energisk gjeng på 17 musikarar som har spelt for små og store over heile verda. Programmet er meisterleg sett saman og tek oss frå det storslåtte til det vakre og skjøre – og kanskje får du kjenne på kjensler du ikkje visste at du hadde.
På programmet står musikk av både Tsjaikovskij og Biber, i tillegg til Sigrid, AURORA og Pharrell Williams. Her blir det speleglede, glimt i auget og musikk framført heilt utan notar.
Skal du ta med småttisane dine på éin konsert i år, så er det denne!
Kl. 13.00–15.00: INTRO – skapande verkstader
Jentekolonien og Tusenårsparken
Det blir liv i alle krikar og krokar! Denne dagen kjem heile den vakre staden til liv med aktivitetar for heile familien.
Trykk på
Prøv silketrykk på tekstil og papir saman med festivalkunstnar Hilde Rosenberg Bamarni, inne i festivalutstillinga.
På bølgjene
Bygg din eigen båt saman med kunstnar Cecilie Hole ved dammen.
På djupt vatn
INTRO sin quiz for heile familien tek dykk med på oppdagingsferd i Tusenårsparken. Vi lovar utfordringar for alle.
Hippo
Ei spennande forteljarstund om livet under havoverflata, i regi av Ålesundsbiblioteka. Forteljarstunda blir halden i Bodegaen.
Kvar kjem lyden frå?
Bli med på verkstad og bygg ditt eige enkle rytmeinstrument.
INTRO-leikar
Hiv deg med på leiken! Vi inviterer til varierte og morosame leikar for alle aldrar ute på plassen.
Heim minibakeri sel rykande ferske bollar, kaffi og brus gjennom dagen.
Kl. 15.15: INTRO – allsong for heile familien
Her syng vi ubeskjedent med den stemma vi har!
Karoline Isaksen, Inger Bakke, Bjørnar Myhr og Erling Skorpen sørgjer for uhøgtideleg stemning og losar oss stødig gjennom konserten.
Det finst berre éin måte å ta vare på dei folkekjære songane våre på: Vi må synge dei! Nokre har levd gjennom generasjonar, medan andre har blitt allemannseige dei siste åra. Nordstoga, Teigen, Prøysen, Egner, Formoe, Lauritzen, De lillos og Knutsen og Ludviksen har fått plass på spelelista.
Kl. 16.00: Familiedagen er slutt
Denne dagen vil du ikkje gå glipp av – ta med deg familien, vennegjengen, naboen eller nokon du er glad i!
Dagen er eit samarbeid mellom Fjord Cadenza, LIONS, Heim minibakeri, Ålesundsbiblioteka og Skøye teaterlag,