Festivalgudstjeneste - Missa Cadenza
Gratisarrangement

Festivalgudstjeneste - Missa Cadenza

Inspirert av musikken til Reiersrud/Kleive har Skodjes eigen kantor, Marc Labruijere, komponert Missa Cadenza til Fjord Cadenzas festivalgudstjeneste. Messa fyller dei faste ledda i gudstenesta med heilt ny musikk – skriven for den norske kyrkja sin eigen liturgiske tekst, som det finst overraskande lite av.

Labruijere studerte orgel i Nederland på 80- og 90-talet, og tek med seg inspirasjon frå tidens nederlandske orgelkomposisjonar der minimal music var eit sentralt uttrykk. Kombinert med eit preg av gregoriansk musikk og klangverda til Kleive/Reiersrud, fekk møtet med gitar-esset Ketil Strand ideen til å ta form.

I tillegg til messa blir det framført eigne komposisjonar og salmebearbeidingar av Ketil Strand.

Medvirkende

Marc Labruijere, orgel
Ketil Strand, gitar
Markus Bjørlykke, tenor

Jan Løkkeborg, prest

Detaljar

Dato
søndag 30. august 2026
Tid
12:00–13:30
Kategori
Gratisarrangement
← Sjå festivalprogrammet

Meir på same stad