MusikalPub på Fjord Cadenza!
Opplev klassikarane frå musikalverda i uformell drakt på Nerskøyløa laurdagskveld under Fjord Cadenza.
Anten du er vel bevandra i musikalverda, eller er heilt ny, er dette noko du må få med deg. Ta med ein ven og gjer dette til ein kveld utanom det vanlege.
Du kan til og med førehandsbestille tapasbrett frå Skrøppatausene til dette arrangementet når du kjøper billett!
Foto: Eystein Drønnesund
Dersom du har behov for trappefri ankomst, ber vi deg om å ta kontakt med oss på post@fjordcadenza.com i forkant av arrangement i Nerskøyløa.
Birgitte Velsvik
Maria Holand Tøsse
Dan Lindén, piano
Fleire namn kjem