Når Ensemble Allegria og Gjermund Larsen Trio møtest for første gong, ligg alt til rette for ei heilt spesiell konsertoppleving under Fjord Cadenza. Her vert det varme, organiske og detaljrike uttrykket frå folkemusikk løfta inn i eit større kammermusikalsk landskap, der improvisasjon, driv og klangleg nærvær står i sentrum. Gjermund Larsen sitt melodiske univers møter Ensemble Allegria si fleksible og dynamiske speleglede i eit samarbeid skapt spesielt for festivalen.
Konserten opnar eit rom der grensene mellom folkemusikk og klassisk musikk er mindre viktige enn sjølve møtet mellom musikarane. Publikum får oppleve nye arrangement, tette samspel og eit musikalsk uttrykk som veks fram i spennet mellom det intime og det storslåtte. Resultatet er ei levande og pulserande konsertoppleving, forankra både i tradisjon og i viljen til å skape noko nytt.
Gjermund Larsen Trio
Gjermund Larsen er utan tvil ein av Noregs mest kjende og kjære folkemusikarar, som med sitt leikne og kjensleladde felespel har fanga eit breitt publikum som strekkjer seg langt utover det tradisjonelle folkemusikkpublikummet. I Gjermund Larsen Trio har han med seg Andreas Utnem på trøorgel og piano, og Sondre Meisfjord på kontrabass. Saman har dei sidan den første utgjevinga i 2008 hausta lovord, jubel og ei rekkje prisar, mellom anna Spellemannprisen (2008), German Phonographic Critics Award (2015) og TONOs komponistpris (2016). Hausten 2023 lanserte trioen sitt femte album, Tøyen Sessions, der all musikken som vanleg er signert Gjermund.
Ensemble Allegria
Allegria (ital.) tyder glede, og det var nett gleda ved å spele saman som fekk ei gruppe musikkstudentar til å starte orkesteret i 2007. Ensemble Allegria blir rekna mellom dei fremste musikkensembla i landet, og er kjend for å kombinere høg kunstnarleg kvalitet med spontanitet og fleksibilitet. Orkesteret består av 26 faste musikarar og har sidan starten vore drive av musikarane sjølve under kunstnarleg leiing av Maria Angelika Carlsen.
I tillegg til den eigne konsertserien «NÅ» i Oslo har Ensemble Allegria spela på dei store musikkfestivalane i Noreg og samarbeidd med fleire av verdas leiande solistar som Tine Thing Helseth, Martin Fröst, Truls Mørk, Lawrence Power, Kathryn Stott og Benjamin Schmid. Ensemblet har gitt ut fire innspelingar, der to er nominerte til Spellemannprisen, og har i fleire år hatt eit tett samarbeid med Det Norske Solistkor gjennom fleire konsertprosjekt og innspelingar. I 2018 mottok orkesteret saman med Solistkoret Diapason d’Or de l’Année.
Gjermund Larsen, fele / hardingfele
Andreas Utnem, piano
Sondre Meisfjord, kontrabass
Ensemble Allegria
Liv Hilde Klokk, konsertmester