Fjord Cadenza har gjort det til ein tradisjon å fylle gruva i Norddal med musikk under festivalen, og i år er det Sigrid Moldestad som tek turen inn i berget.
Sigrid Moldestad har i ei årrekke servert musikalske høgdepunkt, om vi skal tru dei mange gode meldingane. I mars kjem ho med sitt niande soloalbum, med eit folkemusikalsk grunnfjell som utgangspunkt – ho skaper både tekst og musikk sjølv.
Sigrid Moldestad er kjend for si sterke formidling, og har med stort hell tonesett diktarar som Jan-Magnus Bruheim, Jakob Sande og Tove Ditlevsen. Dei siste åra har ho òg teke nokre sidesteg, mellom anna med barneplata «Regndråpeborna» (2023) og det solistiske folkemusikkprosjektet «Breim», også det frå 2023. Bokalbumet «Breim» vart nominert til både Spellemannprisen og Folkelarmprisen.
Det nye albumet er på mange måtar ei vidareføring av forteljingane frå «Breim», og Sigrid Moldestad tek med seg både nytt og eldre materiale når ho turnerer med band, trio og duo utover 2026. I Gruva møter vi henne saman med trioen sin – akustikken og atmosfæra i Dale Gruvemuseum kan ikkje samanliknast med noko anna, og gir eit heilt eige rom for stemma og univers til Moldestad.