
Festivalkunstnar 2024
Magne Furuholmen

Foto: Nina Djaerff
Årets festivalmotiv 2024 frå serien new song
om kunstnaren
Magne Furuholmen (f. 1962, Oslo) er ein allsidig kunstnar, som bevegar seg innan fleire medium og uttrykk, og han har vore aktiv som både musikar og biletkunstnar i ei årrekke. Gjennom 40 år i a-ha, har Furuholmen vore med på å sette Noregs suverent største fotavtrykk i den internasjonale musikkbransjen.
I 1989 debuterte han som biletkunstnar, og han har sidan haldt eit høgt tempo med verk utstilt i mellom anna Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Neue Nationalgalerie i Berlin, Mac-Niteroi Brazil, Royal Academy i London, og Central Academy for Fine Arts i Beijing.
Som biletkunstnar arbeider Furuholmen på kryss og tvers av medium og teknikkar. Særleg har han utmerka seg som grafikar og skulptør. I 2016 var Furuholmen tildelt sitt hittil største oppdrag – Imprints, ein skulpturpark med 70 tonn keramiske skulpturar. Parken opna i Akerkvartalet på Fornebu i juni 2016.
Furuholmen vart tildelt prisen for Beste grafiske arbeid ved Høstutstillingen allereie i 1996. Verka hans er kjøpt inn av Norsk kulturråd, og er representert verda over hos både offentlege og private institusjonar, som Bibliotheque National de France, og Kupferstichkabinett Staatliche Museen zu Berlin.
Han har eit æresdoktorat i kunstfag ved Universitetet i Agder, og aktive kulturelle styreverv inkluderer H.M. Dronning Sonjas internasjonale grafikk-stiftelse Queen Sonja Print Award. Han har vore styreleiar for Norske Grafikere, og i 2012 vart han tildelt St. Olavs Orden Ridder av 1. klasse.
Utstillinga vil vise både keramikk og tresnitt, blant anna frå serien “new song”.
Utstillinga er ope onsdag 28. august - søndag 1. september.
Opningstider
Onsdag 28. august: 18:00 - 21:00
Torsdag 29. august: 17:00 - 21:00
Fredag 30. august: 17:00 - 21:00
Lørdag 31. august: 10:00 - 21:00
Søndag 1. september: 10:00 - 18:00


