MMM-bannery26 (1).jpg
MMM-logotyp-bialy.png
MMM-bannery26 (1)_edited.jpg

MUSIC. MULTIMEDIA. MANAGEMENT.

Music.Multimedia.Management er eit toårig undervisningsprogram med mål om å utdanne lovande unge kunst- og kulturarbeidarar. Fyrst gjennom online webinar, deretter gjennom praktisk trening. i 2021 og 2022 vil nokon av deltakarane få profesjonell arbeidserfaring i henholdsvis Szczecin Philharmonic Hall, TRAFO centre of contemporary art, MDF festival, Lutoslawski Youth Symphony orchestra, og Fjord Cadenza.

M.M.M er eit kursprogram som omhandlar publikumsutvikling, lyd, lys og multimedia, team management, artist management og kunstkurasjon.

 

Målet er å gje disiplinane ei utvida forståing for kvarandres fagfelt, forene perspektiv og utvekle konsertformatet og programmeringa, samt integrere ny teknologi. Spesielt aktuelt vert dette sett i lys av kulturbransjens foregående år. Internasjonalt anerkjende personar i sine respektive felt, som Kevin Kleinmann (audience development), Felice Ross (lysdesign) og Julian Lloyd Webber (cellist og musikkpedagog) deltek som veiledarar og mentorar. Hver kategori er introdusert i ein masterclass, deretter live webinar. Utvalde deltakarar får så tilbud om praksisplass i henholdsvis Polen og Norge, kor dei får høve til å tileigne seg profesjonell erfaring i musikkbransjen. 

Fjord Cadenza er veldig glad for å vere med på dette viktige prosjektet som er finansiert av EEA and Norway Grants og Ministry of Culture, National Heritage and Sports of the republic of Poland.

 

Les meir om M.M.M. på www.mmmproject.eu

TŁO background logo 1 (2).jpg

MUSIC.MULTIMEDIA.MANAGEMENT UNDER FJORD CADENZA 2021

Startskotet for M.M.M gjekk under årets festival. I ti dagar var seks kreative kultursjeler med stor visjon på besøk på Gomerhuset. Innan fagfelta lyd, lys, multimedia og artist management, fekk praktikantane rettleiing frå mellom anna Erik Valderhaug, Thomas Hanssen og festivalleiinga. Dei utforska, undra og utvikla praktiske evner innan  festivaldrift og konsertleiing i vakre omgivnadar.

Fjord Cadenza skal aldri vere stilleståande og i løpet av dei neste åra vil ein kunne sjå ei profesjonalisering og internasjonalisering i organisasjonen vår. Det vil gagne både lokalmiljøet og festivalen sitt potensiale ute i den store verden og M.M.M er ein viktig del av dette. Allereie no, etter eit år, ser vi den store verdien av idémyldring, erfaringsutveksling og ulike internasjonale perspektiv. Vi har mykje å lære praktikantane som kjem til oss og dei har mykje å lære oss tilbake.

Vi gler oss stort til fortsettelsen av dette spanande prosjektet og takkar Przemek, Mila, Sabrina, Anna, Andrzej og Jędrzej for godt samarbeid, meiningsfylt dialog, stå-på-vilje og store smil!