May-Britt Moser / Trondheimsolistene

Lost Memory - Into Whiteness

May-Britt Moser fortel om forskninga si på ein spennande, gripande og ofte humoristisk måte. Ho er ein historieforteljar som fangar tilhøyraren og tar oss med på ei reise langt inn i vårt eige hovud. Vi får høyre om celler som jobbar hardt natt og dag for å holde styr på oss. Som oftast går det bra, men med ca. hundre milliarder celler mellom øyrene så er det ikkje rart om det går litt i surr av og til.

Mange ulike celler med mange ulike oppgåver. Eg hugsar vegen til butik- ken. Her kjem eit kryss. Kor fort går eg? - det fortel fartscellene meg. «Sjå opp - her kjem ein kant», ropar kantcella, og du unngår å falle. Og sjølvsagt vil May-Britt fortelje om gridcellene. Dei som samlar saman masse infor- masjon og lagar kart. Kart som vi til ei kvar tid kan hente fram - når vi skal heim, til jobben, ut på kjøkkenet for å sette på kaffi, køyre bil for å vitje onkel Kåre.

Foto: TiTT Melhuus/ Kavli Institute for Systems

Neuroscience

May-Britt og Edvard fikk Nobelprisen i 2014 for oppdaginga av hjerna sin GPS, der gridcellene spelar ei sentral rolle.

Og kva skjer når cellene våre, som har i seg så mykje informasjon, døyr?

Kvar bor eg? Kven er du? Kvifor er eg her? Eg vil heim til mor...

Den dramatiske vegen mot Alzheimers sjukdom. Kvifor - kva er det som skjer - og kan sjukdommen stoppast?

Framføringa er resultatet av eit samarbeid over fleire år mellom forskning, musikk, film og musikarar. Først musikkstykket «Khroma» i Trondheim til feiringa av Nobelprisen, så «My Running Rat» i Chicago, så «Lost Memory» på Cuba, i Oslo og Trondheim, så «Into Whiteness» under Stephen Hawking sin Starmus Festival og nå ved Fjord Cadenza i Ålesund og Fosnavåg.

 

Medverkande:

May-Britt Moser - professor ved NTNU. Nobelprisvinnar. TrondheimSolistene - leia av Øyvind Gimse. Bertil Palmar Johansen - komponist. Johan Magnus Elvemo - filmskapar, NTNU.

Stor takk til Steinar Larsen (TS) og Tor Grønbech (NTNU) for pågangsmot, gjennomføringsvilje og inspirerande innspel under arbeidet med framstillinga.