27. juni 2024

Årets festivalkunstnar

Årets festivalkunstnar
← Tilbake til nyheiter

Sjølvaste Magne Furuholmen er årets festivalkunstnar!

– Vi er utruleg stolte over å ha fått på plass Magne Furuholmen som årets festivalkunstnar, samstundes som vi får oppleve musikken hans, seier Hallvard Braaten Steinhovden, festivalsjef i Fjord Cadenza.

Furuholmen er for mange viden kjent som eit av medlemmane i det verdskjente bandet a-ha. Utanom si fantastiske karriere som musikar, både som soloartist og med sine 40 år i a-ha, er Furuholmen også eit fenomen i kunstverda.

Han tek med seg kunstutstillinga «New Song» til Jentekolonien på Skodje. Den hentar både titlar og inspirasjon frå eigne tekstar som Furuholmen har skrive for a-has utgiving «True North» i 2022.

I tillegg til at han er årets festivalkunstnar, vil Furuholmen også medverke i ein festkonsert utan like, saman med Anneli Drecker og Sjøforsvarets musikkorps – samt gjestevokalistane Martin Halla og Tini Flaat.

LES MEIR OM FESTKONSERTEN HER