10. mai 2024
8. juni arrangerer VITI og Fjord Cadenza 4 konsertar for å utforske det musikalske aspektet ved jugendstilen. Jugendstildagane vert arrangerte annakvart år og har som intensjon å setje lys på jugendstilens mange sider. Fokuset vil i 2024 bli sett på koplinga mellom jugendstilen og klassisk musikk frå same periode.
Gjennom ei serie musikalske opplevingar iscenesett i originale jugendstilinteriør i Ålesund, tek vi publikum med på ei vandring i jugendstilen der dei kan sanse jugendstilens karakteristikkar med både augo og øyra.
Prosjektet er inspirert av komponist Jon Øivind Bylund Ness si nylesing av senromantikken der han utforskar moglegheita for at utvalde verk frå perioden kan ha vore påverka av jugendstilens ideal. Bylund Ness er med på konsertane og vil gi ein introduksjon av dei utvalde verka saman med konservator ved Jugendstilsenteret Signe Svoen.
Vi ynskjer å ta denne ideen vidare og setje desse verkene i ein kontekst der publikum kan vere med å trekke parallellar mellom jugendstilens kjenneteikn og musikkens stemningar.
Les meir om jugendstil i musikken
Det vert konsertar i Arbeideren, Larsengården og Jugendstilsenteret under Jugendstildagane 8. juni