12. juni 2026

Hilde Rosenberg Bamarni er årets festivalkunstnar!

Hilde Rosenberg Bamarni er årets festivalkunstnar!
← Tilbake til nyheiter

Med utstillinga Littoral Currents inviterer ålesundkunstnar Hilde Rosenberg Bamarni publikum inn i eit sanseleg rom der havets rørsler, fargar og overflater smeltar saman med menneskjelege røynsler. Ho er årets festivalkunstnar på Fjord Cadenza 2026.

Kunstnarskapet

Hilde Rosenberg Bamarni arbeider i skjæringspunktet mellom grafikk, fotografi og video, og havet er den raude tråden gjennom heile praksisen hennar. Ho utforskar korleis overflater, rørsler og strukturar forskyv seg mellom det menneskjelege og det maritime, og let dei to verdene spegle og påverke kvarandre gjensidig.

Gjennom analoge og digitale prosessar utviklar ho eit billedspråk der lag, rytme og repetisjon står sentralt. Havets fargar og rørsler fungerer som speglar for indre røynsler, medan menneskets indre landskap projiserast tilbake på det ytre. Verkene rører seg mellom det konkrete og det abstrakte, og opnar for sansemessige erfaringar av havets dynamikk og nærvær, noko som krev tid og nærleik, og ikkje slepper frå seg heile meininga i éin rask blikk.

Littoral Currents

Utstillinga har fått namnet sitt frå eit audiovisuelt samarbeidsprosjekt mellom Bamarni og musikaren og komponisten Kristian Skaarbrevik. Saman utforskar dei grensesona mellom hav og menneske gjennom samspel mellom lyd og rørlege bilete.

Videomaterialet dannar eit visuelt utgangspunkt der havets strøymar, fargar og overflater rører seg i eit langsomt, rytmisk forløp. Musikken responderer direkte på bileta og utviklar seg i dialog med det visuelle, slik at lyd og bilete påverkar kvarandre gjensidig. Saman skapar dei eit sanseleg rom der havets rørsler vert omsett til klang, rytme og visuelle forskyvingar. Prosjektet vert presentert under opninga av utstillinga.

Om kunstnaren

Hilde Rosenberg Bamarni er basert i Ålesund og har ein mastergrad i kunsthistorie frå UiT Noregs arktiske universitet, i tillegg til fagutdanning innan kunst og grafisk design. Ho er medlem av Norske Billedkunstnere, Bkmr og Norske Grafikere, og er representert ved fleire galleri og kunstformidlarar rundt om i Noreg.

Ved sidan av den kunstnariske praksisen har ho lang røynsle frå prosjektleiing, undervisning og kunstformidling. Ho har vore sentral i etableringa og utviklinga av Aggregat Kunstnarfellesskap, og har fleire gongar tent som festivalsjef og medkurator for Moving Festivalen i Ålesund.

Åpningstider:

Tirsdag 25. august 18-22                

Onsdag 26. august          17-21

Torsdag 27. august           17-21

Fredag 28. august            17-21

Lørdag 29. august             10-21

Søndag 30. august            10-18