Søk
  • Hallgeir Øvrebust

Birgitta Elisa Oftestad


Birgitta Elisa Oftestad tok til å spele cello i ein alder av 5 år, og er elev ved Barratt Due musikkinstitutt der ho har hatt Tove Sinding-Larsen (2009–2015) og Ole Eirik Ree (2015-) som hovudlærarar. Bilærer Truls Mørk. Ho har vore ein del av Barratt Dues talentsatsing sidan 2012. Birgitta har vore solist og kammermusikar ved ei rekkje festivalar: Oslo Kammermusikkfestival, Vestfoldfestspillene, Kaunas festival, Kronberg (Mit Musikk - Miteinander), Bowdoin International Music Festival, Valdres sommerfestival, Horten Kammermusikkfestival og Festspillene i Bergen, der ho deltok i Crescendos mentorprogram for kammermusikk i 2016 med klarinettrioen DaNiBi, og med Konstantin Heindrich som mentor.

Ho har vunne ei mengd førsteprisar, både som kammermusiker og solist. Blant desse er Midgardkonkurransen (2012, 2013, 2014, 2015), Young Musicians i Tallinn (2013), Sparre-Olsen konkurransen (2014) og Ungdommens Musikkmesterskap (2012, 2014, 2017) der ho også var superfinalist i 2017.

I 2017 vart Birgitte også vinnar av Fjord Cadenza sin DNB Nasjonale solistkonkurranse med Shostakovich sin cello concerto 1, 1. sats.


0 visninger