Søk
  • Hallgeir Øvrebust

Bjørnar Myhr


Bjørnar Myhr er ein etterspurt musikar med eit fantastisk gehør. Den allsidige pianisten frå Langevåg har si utdanning frå konservatoriet i Trondheim. Med ei lyrisk uttrykksform og sin utprega sans for klangar og harmoniar, meistrar han dei aller fleste stilartar. I tillegg har han erfaring både som solist og akkompagnatør i ulike samanhengar. Bjørnar har i mange år vore mykje nytta gjennom Møremusikar-ordninga.

På årets festival vert Bjørnar å høyre på fleire konsertar, frå familieforestil- linga på Jentekolonien til Operapub på Nerskøyløa.


0 visninger