FJORD CADENZA PROGRAMPRESENTASJON 2019

OM FJORD CADENZA 2019

Fjord Cadenza går inn i sitt 26. år, og frå 10. til 18. august kan ein oppleve musikalske høgdepunkt på
rekkje og rad rundt om i heile distriktet. Festivalen vert den største i omfang i Fjord Cadenza si
historie, og vi byr på arrangement både ved fjord og fjell på mange spennande scener og eit
imponerande program på svært høgt nivå.


Det heile startar med opning av kunstutstilling på Jentekolonien på laurdag 10. august, der Evy Nupen
er årets spennande festivalkunstnar. Opningskonserten på Gomerhuset byr på ingen ringare enn
Marianne Beate Kielland som er rekna som ein av verdas beste mezzosopranar. Saman med vinnar
frå fjorårets Virtuos på NRK, Birgitta Elise Oftestad, vert ho solist saman med det anerkjente
strykeorkesteret Trondheimsolistene. Dei eldste deltakarane frå Ålesund Orkesterskule vil også ha
innslag på konserten. Trondheimsolistene vil saman med solistane også vitje Molde Domkirke dagen
etter.


Finalen for DNBs nasjonale solistkonkurranse har blitt arrangert under Fjord Cadenza i 9 år, og årets
finale går av stabelen søndag 11. august i Gomerhuset. I fjor var det den 14 år gamle trekkspelaren
Mathias Rugsveen som vann konkurransen med sitt fantastiske talent. Tidlegare vinnarar har gjort
suksess både nasjonalt og internasjonalt, og vi får gjensyn med nokre av desse under årets festival.
Vi vil også få gjenhøyr med Marianne Beate Kielland og Birgitta Oftestad når dei saman med
akkompagnatør Yuka Schneider på klaver vil by på ein heilt unik intimkonsert på det vakre Storfjord
Hotel måndagskvelden, der publikum verkeleg kjem i nærkontakt med artistane. Intimt vert det også
når vi får urframføring av «Snirkelsongar» på Stavset Skule onsdagen. Her vil Heidi Skjerve synge
ærlege og nære tekstar på nynorsk Musikken er laga av Sondre Ferstad (munnspel) spesielt for
bandet med Vegard Bjerkan på trøorgel og Kyrre Laastad på trommer. Same kvelden (onsdag), kan
ein også få med seg ei unik førestilling i den flotte Nerskøyløa. Her vil Inger Bakke og Ferdafolk gi ein
introduksjon til biografien «Minder frå forfædrane» der vi får høyre eit utval av den flotte
folkemusikken som vart samla, knytt saman i ei spennande historieforteljing.


Eitt av høgdepunkta under årets festival er konserten «Utsyn mot havet» på Parken Kulturhus i
Ålesund, der Flint Juventino Beppe har urframføring av sitt nye verk «Operientes Mare». Den
norskfødde komponisten har to Grammy-nominasjonar under beltet, og når verket vert framført av eit
handplukka internasjonalt symfoniorkester under leiing av Rune Bergmann, så er dette absolutt verdt
å få med seg. Marianne Beate Kielland vert også solist på denne konserten.


Fredagen har ein høve til å delta på fjordcruise frå Ålesund til Geiranger. Her kan ein oppleve verdas
vakraste natur inn gjennom verdsarvfjorden, ein kan ta del i ei unik konsertoppleving inne i
Olivingruva i Norddal, og det vert vidare konsert på kaia i Geiranger før båten legg frå kai tilbake til
Ålesund. Fredagskvelden vil også Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen invitere til Skodjekveld i
Skodje Kyrkje, der eit knippe av musikarar med røter frå Skodje vert presentert. Magne og Charlotte
vert også å høyre seinare denne kvelden når dei saman med Bjørnar Myhr byr på Operapub på
Nerskøyløa.


Laurdagen inviterer vi til INTRO familieforestilling «Inne i Mozarts hode» på Jentekolonien. Charlotte
Fongen tek med seg den kjende «vocal sound artisten», Ruth Wilhelmine Meyer og Bjørnar Myhr på
denne spennande førestillinga for heile familien.
Vi gjentek vidare fjorårets suksess - Mountain Cadenza på Roaldshorn der vi byr på ein spennande
konsert i eller ved paviljongen ved toppen av gondolen.

Ole Edvard Antonsen vert rekna som ein av verdas leiande trompetistar. Saman med bandet sitt og
vårt internasjonale festivalorkester vil han ta med publikum på ei reise gjennom ei rekkje musikalske
stemningsbilete i ulike sjangrar – under tittelen «Musikalske Landskap». Denne førestillinga vil gå av
stabelen i Fosnavåg på laurdag kveld før den blir ein del av den store avslutningskonserten på
Gomerhuset på søndag ettermiddag.


Velkomen til Verdas Vakraste Musikkfestival, 10.–18. august!

1/2

KONTAKTPERSONER:

Hallgeir Øvrebust, styreleder

9157 3363 / hallgeir@fjordcadenza.com

Rune Bergmann, kunstnerisk leder

9184 8028 / rune@fjordcadenza.com

Festivalprogram

Fjord Cadenza

10.-18. aug 2018