ChristianGrøvlenHR.jpg


GRIEG OG GRØVLEN I JERVELL GJESTEHUS

JERVELL GJESTEHUS, ÅLESUND
13. AUGUST KL. 13:00

Jervellhuset er opna i ny drakt, og det feirar vi i Fjord Cadenza med å ta i bruk det flotte flygelet i den staselege stova i Jervell Gjestehus.

Christian Grøvlen, piano

Christian Grøvlen, ”den siste i en lysande rad av norske klaverfenomen (Mona Levin, Klassiskmusikk.com)” debuterte i København oktober 2017 og ved Den Norske Opera i Oslo i november same år. Han er mottakar av Robert Levin prisen, Léonie Sonning Talentpris i Danmark og Statens Kunstnarstipend for yngre, nyetablerte kunstnarar. Han byrja å spille piano som femåring, og seinare studerte han med prof. Jiri Hlinka, som framleis er mentorens hans. 

  • Facebook Social Ikon