FOTO: Oddleiv Apneseth

INTRO FAMILIEFRAMSYNING:
FELE+GRAUT=SANT

GOMERHUSET, SKODJE 
14. AUGUST KL. 12:00

Det vert fele og graut og meir til når vi inviterer til familiekonsert under Fjord Cadenza. Vi har utfordra Jorunn Marie med fela si til å sette saman eit leikande program med plass for både god-fot og latter, og ho var ikkje tung å be. Med seg har ho Lars Andreas og tubaen, Unni og røysta og Dag- Filip og tangentene. Det er underleg kva som kan bu i ei fele og enda meir underleg kva som skjer med ho som spelar på ho når ho dreg bogen over strengene. For det er når ho Jorunn Marie får fela under haka at du verkeleg får sjå kva som bur i både henne og fela. Vi gler oss til å få oppleve denne tøffe og eineståande kvartetten som spelar og syng så det er ei fryd. Det er berre  å sette av datoen. Som med alle Intro-konsertar så er dette arrangementet gratis. Slå den, du!

  

 

Jorun Marie Kvernberg – komponist, fele, hardingfele, song
Unni Boksasp – song
Dag-Filip Roaldsnes – piano, song
Lars Andreas Haug– tuba

 

 

Årets familiekonsert er ein del av Intro-konsertane som Fjord Cadenza arrangerer gjennom heile året. Intro er støtta av Sparebanken Møre.

  • Facebook Social Ikon