flyfish[1263].jpg

Kunstutstilling:
FISHEY BUSINESS av
ANN HELEN HAAGENSEN

JENTEKOLONIEN, SKODJE 
11. AUGUST KL. 17:00

OPNINGSTIDER

KUNSTUTSTILLING

11.–13 august:

17:00 – 21:00

14. august:

10:00 – 21:00

15. august:

10:00 – 18:00

Utstillinga «Fishey Business» av Ann Helen Haagensen 

 

Ann Helen Haagensen starta å male i 1997, og er no kunstnar på heiltid med eiga atelier i Ålesund. Opp gjennom åra har ho utvikla sin eigen stil, og skapt særeigne teknikkar og arbeidsmetodar. Inspirasjon får ho frå livserfaring, omgjevnader, musikk og andre kunstnarar.  

  

Uttrykket hennar er all hovudsak abstrakt, med bruk av akryl/mixed media på lerret. Ho likar å jobbe med ulike materialar som gjev djup og 3D-effekt i maleria. Ho har ein forkjærleik for djup blå, som går igjen som base i fleire av hennar maleri. Dei fleste oppdraga hennar er bestillingsverk, og ho elskar å kunne skreddarsy maleri til folks stuer og heim. Prosessen, der ein utifrå spesialmål og ønska fargenyansar og kanskje personlege innslag, endar opp med eit unikt maleri på bestilling, syns ho er særs gjevande.  

  

Utstillinga «Fishey Business» på Jentekolonien blir hennar sjette salsutstilling. Utstillinga er inspirert av havdjupets store mysterium. I tillegg til maleri, vil det òg stillast ut nokre skulpturar og hengande uroar. 

  • Facebook Social Ikon