Trondheimsolistene1_1.jpg
GOMERHUSET, SKODJE
TORSDAG 12. AUGUST KL. 18:00

Opningskonsert:
HEILT MOZART

Ina Han Brekke, fiolin

Rune Bergmann, dirigent

TrondheimSolistene

Konserten er i sin heilskap via til Wolfgang Amadeus Mozart sin musikk. Ein av musikkhistoria sine største musikalske geni som allereie frå 5-årsalderen komponerte dei fyrste musikalske verk. 

Musikken hans har eit fantastisk musikalsk og fantasifullt overskot prega av stor vitalitet, men òg av varme og inderlegskap. 

Han komponerte musikk innanfor alle dåtidas former og sjangrar, men denne konserten er via hans orkestermusikk. 

Konserten opnar med Divertimento i F-dur med fantastiske TrondheimSolistene under leiing av Alex Robson. Han spelar fiolin i orkesteret og er òg kjend mellom anna som medlem av Engegårdkvartetten. 

So vert det eit gjenhøyr med vinnar av solistkonkurransen i Fjord Cadenza 2019, Ina Han Brekke. Ho skal spele Fiolinkonsert nr. 4 i D- dur.  Denne konserten er ein leiken miks av virtuositet og varme som gjev solisten noko å bryne sitt talent og sin musikalitet på. Dette har vi har store forventningar til! Orkesteret blir her leia av festivalens kunstnariske leiar, Rune Bergmann. 

Han leiar òg orkesteret i det siste verket som er symfoni i A-dur. KV 201. Dette er en av de mest kjente av de tidlege symfoniane til Mozart, skrevet i den tida han budde i Salzburg. Musikken er både lidenskapeleg og impulsiv og ber preg av Mozarts egen personlegdom.  

Solist for kvelden er Ina Han Brekke, vinnar av Fjord Cadenza og DNB nasjonale solistkonkurranse 2019!

Ina er et stort musikalsk talent som for tiden går på Barratt Due Unge Talenter og som i flere år har vært deltaker i Ung Filharmoni, et talentprogram Senter for talentutvikling er medarrangør av. 

 

Lindemans juniorpris: I 2020 går prisen til fiolinist Ina Han Brekke, med følgende begrunnelse: 

"Prisen deles ut til en yngre komponist, utøver eller musikkpedagog som har gjort seg spesielt bemerket i norsk musikkliv. Prisen skal bidra til å inspirere talentene innen klassisk musikk ved at de både blir hørt, sett og verdsatt. Ina Han Brekke har allereie gjort seg bemerket i en årrekke, og juryen vil spesielt trekke frem Inas høye fiolinistiske nivå.  Ina har en allerede svært utviklet teknikk, og bruker denne i musikkens tjeneste. Ina er moden musikalsk, men samtidig ikke redd for å ta sjanser. Det gir spennende fremføringer."

  • Facebook Social Ikon