Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen

Foto: Arnold Hoddevik

Dei siste åra har Magne Fremmerlid hatt stor suksess med sine operaroller ved fleire store operahus i Europa. Men likevel vel han å bruke mykje tid under Fjord Cadenza. Saman med Kaunas City Symphony Orchestra under leiing av Rune Bergmann og kona, sopranen Charlotte Fongen vil han bidra på fleire konserter i samband med årets festival. I tillegg vil dei gjenta suksessen frå i fjor og by inn til stor Operapub på Publix Bar på laurdagskvelden. Søndag vert det vidare tradisjonen tru konsert på Skodje Omsorgssenter.

 

 

Charlotte Fongen

 

Charlotte Fongen har solistutdanninga si frå Norges Musikkhøyskole, der ho tok si diplom-songutdanning i 1992. Tidlegare studerte ho på Østlandets Musikkonservatorium og ved Barratt Dues Musikkinstitutt. Charlotte sine songlærarar har m.a. vore Marit Isene og Anne Nyborg. Charlotte starta i NRK sitt Pikekor som 5 åring og song der i 16 år under leiing av Marie Foss. Ho var med i mange TV-framsyningar, konkurransar og turnear i Europa og USA.

 

Charlotte debuterte som songar med Rikskonsertane si debutstøtte i 1992 og same hausten debuterte ho som solist på Den Norske Opera. Ho har gjort ei rekke roller på Den Norske Opera, operaen i Kristiansund og operaer i Danmark. Charlotte er mykje brukt som Oriatorie-songar, og har sunge med dei fleste orkester i Noreg. I 2008 dirigerte ho “Fengselskoret” for TV Norge, og ho har vore dirigent for ei rekkje kor dei siste 20 åra. Ho er engasjert som pedagog i Dissimilis, og har skrive “Jenny - en annerledes opera”, som vart sett opp på operaen i Bjørvika hausten 2008 med tv-seriekulturpris som følge.

 

Magne Fremmerlid

 

"Enestående", "sedvanlig malmklar" og "en av hans fineste prestasjoner noensinne" er berre noko av det meldarane har skrive om Magne Fremmerlid dei siste par åra.

 

Sidan 1997 har han fore fast tilknytt solistensemblet ved Nasjonaloperaen. På det mangfaldige repertoaret hans står roller som Scarpia i Tosca, Sarasto i Tryllefløyten, Colline i La boheme, Kommandanten i Don Giovanni, Fafner i Rhingullet, Gagen i Götterdämmerung, Vannånden i Rusalka, Kong marke i Tristan og Isolde, Hermann i Tannhauser, Stuart i jorden rundt på 80 dager og Tempo/Nettuno i Ulysses vender hjem. 

 

I september 2012 heldt han sin eigen soloresital på Scene 2 med Boris Schäfer. Fremmerlids sjangermessige spenn er breitt, og inkluderer både tørrfiskoperaen Querini på Røst og jazzoperaen Storkaren under Fjord Cadenza-festivalen. I tillegg er han ein etterspurt konsert- og oratoriesongar og han har vore solist ei rekkje gongar med Oslo-filharmonien, Bergen Filharmoniske Orkester og Stavanger Symfoniorkester.

 

Dei siste åra har Magne merka seg spesielt ut i Wagner-roller. Han gjorde stor suksess i Essen, Tyskland, i rolla som Gurnemanz i Parsifal og for rolla som Daland i Den flyvende Hollender i Oslo. Han har og nyleg gjort kong Heinrich i Lohengrin førre sesong i Oslo. 

 

Magne seier dette om opera: "Opera, det ein treng når livet blir for lett å leve".

 

 

 

Please reload