Ferdafolk og Inger Bakke

 

Ferdafolk har med historier og fantasi funne sin heilt særeigne måte å framføre lokal tradisjonsmusikk på. Med humor, fanteri og kreativitet bles dei livgjevande kraft inn i gamle og gløymde tonar. Med totalt ulik bak- grunn vert musikken deira eit møte mellom det vare og det ville, melodiøse linjer vert utfordra av sprelske og leikande rytmer, og tidlaus tradisjon og vår tids travelheit møtest i ein slags global grunntone.

 

På årets Fjord Cadenza vil Ferdafolk saman med Inger Bakke gi ein hyllest til Knut Didriksen Stafset i det unike og autentiske lokalet på Nerskøyløa. Her vil ein i ei svært intim atmosfære kunne oppleve at det unike materialet som vart samla i biografien «Minder frå Forfædrene» vert plukka fram og presentert.

Please reload