Marianne Beate Kielland

 

 

Magasinet Gramophone skriver om Marianne Beate Kielland: «The mezzo- soprano is quite outstanding: strong, firm, sensitive in modulations, imaginative in her treatment of words, with a voice pure in quality, wide in range and unfalteringly true in intonation

 

Marianne er ei nordnorsk superstjerne som gjennom karrieren har markert seg på ein framståande måte både nasjonalt og internasjonalt. Ho har studert ved Norges Musikkhøgskole under Svein Bjørkøy, men har også studert med Oren Brown og Barbara Bonney. Ho er etablert som ein av Europas fremste songarar i dag, og opptrer jamt på konsertscenene i Europa, i Østen og Amerika under dirigentar som Phillippe Herreweghe, Fabio Biondi, Jordi Savall, Rinaldo Alessandrini, Christophe Rousset, Marc Minkowski, Masaaki Suzuki, Thomas Dausgaard, Jos van Immerseel, Robert King, Andrew Manze, Daniel Reuss og Rune Bergmann.

 

Kielland vart nominert i 2012 til Grammy innan kategorien «Best Vocal Classical Album» for utgjevinga si av CD-en «Veslemøy Synsk» av Olav Anton Thommessen, og har med denne og opp mot 50 andre innspelingar, samt utstrekt konsertverksemd festa seg som en tydeleg og kjenslevar interpret av repertoar frå barokken heilt fram til vår tids musikk.

 

Marianne vart nyleg tilsatt som kunstarisk leiar ved kammermusikkfestivalen i Risør.

Please reload