Ole Edvard Antonsen

Ole Edvard Antonsen vert rekna for å vere blant verdas leiande trompetistar. Han har spelt på ei rekkje internasjonale scener, mellom andre Carnegie Hall i New York, Musikverein i Wien, Suntory Hall i Tokyo, operahuset i Sidney og Barbican Hall i London – her med fleire verdskjende orkester og artistar. Antonsen er ein allsidig musikar, og arbeider ikkje berre med klassisk musikk – pop, rock og jazz er også på repertoaret. Han har vore med på å spele inn over 60 album, og blant anna den offisielle fanfara for OL i Lillehammer 1994.

 

 

Musikalske landskap

 

Antonsen er opptatt av at publikum skal sjå musikken på sin eigen måte, og utan at andre skal trenge på med ei bestemt sinnsstemning. Han fører publikum gjennom konserten med ein lun, personleg og humoristisk dialog for å hjelpe dei med å finne sine eigne meiningar.

 

På konsertane i Fosnavåg og på Skodje spelar Antonsen saman med stort og internasjonalt festivalorkester. Her er toppmusikarar handplukka frå ei rekkje leiande orkester rundt om verda, og vert til saman eit orkester på topp internasjonalt nivå. Den talentfulle akkordeon-solisten Mathias Rugsveen vil også delta på konsertane.

 

 

Ole Edvard tek i tillegg til orkesteret med seg sitt eige band:

Eirik Berge – keyboards

Tom Erik Antonsen – bass

Per Hillestad – trommer

Dag Stephen Solberg – lyd

Please reload