Trondheimsolistene

 

Trondheimsolistene er eit av Noregs mest kjende kvalitetsensemble. Orkesteret blei etablert i 1988, og er eit kammerorkester med stor programbredde og musikalsk vidsyn. Trondheimsolistene er eit profesjonelt ensemble anerkjend verda over. Dei har turnert i store delar av Europa, Asia, USA og Sør-Amerika, og konsertane er prega av humør, spontanitet og intensitet.

 

Med høg internasjonal kvalitet og ei nyskapande kunstnarisk, profil bidrar Trondheimsolistene til auka tilgang, merksemd og bevisstgjering rundt det kunstnariske uttrykket – kammermusikk.  Orkesteret har vakt stor oppsikt og anerkjennast både nasjonalt og internasjonalt grunna den høge kunstnariske kvaliteten, i kombinasjon med ungdommeleg, sprudlande og entusiastisk speleglede.

 

Vi er svært glade for å ha med Trondheimsolistene årets opningskonsert, laurdag 10. august kl. 19.00 på Gomerhuset i Skodje. Her vert dei å høyre saman med Marianne Beate Kielland som er rekna som ein av dei leiande mezzosopranane i verda. Dei skal også spele saman med Virtuos-vinnar Birgitta Oftestad på Cello samt kammerorkesteret frå Ålesund Orkesterskole. Orkesteret vert vidare å høyre i Molde Domkirke på søndag, 11. august kl. 14.00.

 

Trondheimsolistene har elles eit etablert samarbeid med Alexander Rybak, der han får vist fram sitt breie klassiske og populærmusikalske repertoar som solist med orkesteret. Konsertane går av stabelen på fredag den 30. august kl. 19.00 på Parken Kulturhus i Ålesund og laurdag den 31. august kl. 19:30 på Storfjord kulturhus, Stranda.

Please reload