Charlotte Fongen

 

Charlotte Fongen har solistutdanninga si frå Norges Musikkhøyskole, der ho tok si diplom-songutdanning i 1992. Tidlegare studerte ho på Østlandets Musikkonservatorium og ved Barratt Dues Musikkinstitutt. Charlotte sine songlærarar har m.a. vore Marit Isene og Anne Nyborg. Charlotte starta i NRK sitt Pikekor som 5 åring og song der i 16 år under leiing av Marie Foss. Ho var med i mange TV-framsyningar, konkurransar og turnear i Europa og USA.

 

Charlotte debuterte som songar med Rikskonsertane si debutstøtte i 1992 og same hausten debuterte ho som solist på Den Norske Opera. Ho har gjort ei rekke roller på Den Norske Opera, operaen i Kristiansund og operaer i Danmark. Charlotte er mykje brukt som Oriatorie-songar, og har sunge med dei fleste orkester i Noreg. I 2008 dirigerte ho “Fengselskoret” for TV Norge, og ho har vore dirigent for ei rekkje kor dei siste 20 åra. Ho er engasjert som pedagog i Dissimilis, og har skrive “Jenny - en annerledes opera”, som vart sett opp på operaen i Bjørvika hausten 2008 med tv-seriekulturpris som følge.

 

Please reload