Birgitta Elisa Oftestad

 

Birgitta Elisa Oftestad tok til å spele cello i ein alder av 5 år, og er elev
ved Barratt Due musikkinstitutt der ho har hatt Tove Sinding-Larsen
(2009–2015) og Ole Eirik Ree (2015-) som hovudlærarar. Bilærer Truls
Mørk. Ho har vore ein del av Barratt Dues talentsatsing sidan 2012.
Birgitta har vore solist og kammermusikar ved ei rekkje festivalar: Oslo
Kammermusikkfestival, Vestfoldfestspillene, Kaunas festival, Kronberg
(Mit Musikk - Miteinander), Bowdoin International Music Festival, Valdres
sommerfestival, Horten Kammermusikkfestival og Festspillene i Bergen,
der ho deltok i Crescendos mentorprogram for kammermusikk i 2016 med
klarinettrioen DaNiBi, og med Konstantin Heindrich som mentor.

 

Ho har vunne ei mengd førsteprisar, både som kammermusiker og solist.
Blant desse er Midgardkonkurransen (2012, 2013, 2014, 2015), Young
Musicians i Tallinn (2013), Sparre-Olsen konkurransen (2014) og
Ungdommens Musikkmesterskap (2012, 2014, 2017) der ho også var
superfinalist i 2017.

 

I 2017 vart Birgitte også vinnar av Fjord Cadenza sin DNB Nasjonale
solistkonkurranse med Shostakovich sin cello concerto 1, 1. sats.

 

Please reload