Flint Juventino Beppe

 

Som komponist har Beppe heilt frå starten markert seg med ei høgst individuell og karakteristisk stemme, som på mange måtar går på tvers av dei vanlege trendar og -ismer i samtidskunsten elles. Han framstår i dag som sjølve arketypen på det klassiske multibegava musiske menneske. Heile den kunstnarlege verksemda hans er spissa med det eine målet for auget: å målbere eit genuint klangleg resultat. Hans utstrekte erfaring med alt fra elektronikk og visuelle media til nærradio og musikkhistorisk forskning har bidratt til stor fagleg breidde og innsikt innan ei mengd ulike felt. Dette har kome musikken hans til gode på mange plan og er ei av år- sakene til hans omfattande originalitet som komponist. Dei mange til dels diametralt ulike interessene gir seg konkrete og fascinerende utslag både i klangverda hans som komponist og innan uteljelege andre arbeidsområder, som filmkunst, forfatterverksemd og regi.

 

Beppes verkliste omfattar over 80 opus, medrekna ei rekkje bestillingsverk, og gjennom åra har han samarbeidd med internasjonalt framtredande kunstnarar som Vladimir Ashkenazy, Sir James Galway, Rune Bergmann, Andreas Blau, die 14 Berliner Flötisten, Leonard Slatkin og mange andre. Beppe skriv også ballettmusikk, elektroakustisk musikk, filmmusikk, sangar og tekstar. Mange av komposisjonane hans finst innspelt, mellom anna på dei to Grammy-nominerte albuma FLUTE MYSTERY og REMOTE GALAXY (Ashkenazy/Philharmonia Orchestra, 2L). Han har også gitt ut meir enn 15 album og filmar på labelen Symbiophonic, inkludert ABOUT MY RAND- FATHER og INFINITY CHIMES (Rasilainen/Kringkastingsorkesteret). Beppes eigenutvikla kunstfilmkonsept Symbiophonies står mellom anna bak produksjonane MONTAGNA CON FORZA og VICINO ALLA MONTAGNA.

 

Då Bergmann spurte Flint Juventino Beppe om å skrive ein symfoni til Fjord Cadenza 2019 med tema «havet», såg Beppe ein umiddelbar samanheng mellom to av hans tidlegare verk, «Über der Wiese schwebend» Op.88 for fløytekor (som utspelar seg på ei fjellslette) og «Inner Seas» Op.16 (som utspelar seg inne i hjernen). Med sitat frå desse verka held reisa fram frå land til hav i Symphony No.1 «Operientes Mare» Op.89 – og et gnistrande spenningsfelt mellom desse elementa vert mala fram i symfonien sine fire satsar: «Ferden mot havet», «Dråpen», «Under bølgene» og «Bunnsolen».

 

Please reload