Mathias Rugsveen

 

Mathias Rugsveen er 15 år og har spelt trekkspel sidan han var fem år gammal. Mathias har delteke i ei rekkje konkurransar nasjonalt og internasjonalt. Han har mellom anna vunne 17 Norgesmeisterskap i trekkspel og ei rekkje internasjonale meisterskap.

 

Han har òg delteke i Norske Talenter på TV2. Der kom han til finalen og vart til slutt nummer 3 av ca. 1500 deltakarar. Utanom musikken likar han å drive med styrketrening, snekre, sykle og sjå på filmar og seriar.

 

No har Mathias ein russisk professor frå St. Petersburg som heiter Alexander Dmitriev som lærar. Undervisninga foregår på Skype. Det er også A. Dmitriev som har arrangert «Barberen i Sevilla» for trekkspel.

 

I 2018 gjekk Mathias sigrande ut av DNB Nasjonal Solistkonkurranse under Fjord Cadenza. Vi er difor svært glade for å ha Mathias tilbake på festivalen i 2019 for å delta som solist på konsert i Fosnavåg samt på Avslutningskonserten på Skodje.

Please reload