Ruth Wilhelmine Meyer

 

Ruth Wilhelmine Meyer er ein heilt særeigen songar som er inspirert av etniske vokalklangar, klassisk vokaltradisjon, norsk folkemusikk og utvida stemmeuttrykk frå avantgardetradisjonen.

 

Ho har utvikla eit klangleg vokalt uttrykk med eit stemmeomfang på meir enn 6 oktavar. Dette uttrykket gjer henne etterspurt både til konsertar, sceneproduksjonar, filmmusikk, lydinstallasjonar og innspelingar over heile verda.

 

Hennar siste CD: Vox humana hadde basis i sakral musikk frå ulike kulturar og er eit duosamarbeid med komponist og organist Nils Henrik Asheim. CD-en kom ut hausten 2018, samstundes med at Asheim vann Nordisk Råds musikkpris.

 

Med sitt multiekspressive vokale uttrykk skaper ho klangverder frå det realistiske til det urealistiske, det venta og det uventa og lar klangen sjølv verte forteljaren. Ho samarbeider mykje med instrumentalistar og songarar frå ulike sjangrar og kulturar

Please reload