Sondre Ferstad

 

Sondre Ferstad er ein av svært få profesjonelle musikarar med kromatisk munnspel som hovudinstrument. Han vart uteksaminert frå den segn-omsuste jazzlinja ved NTNU i Trondheim i 2017, og har sidan gitt ut musikk i eige namn til stor begeistring frå anmeldarar og publikum.

 

Ein av dei som har vist svært stor begeistring for Ferstads musikk er forfattar og poet, Lars Saabye Christensen. Gjennom Poesiscena i Ålesund har dei ved fleire høve gjort suksessfulle samarbeid, der Ferstads musikk og Christensens skarpe lyrikk har bergteke publikum.

 

Ferstad er ein allsidig musikar med mange jarn i elden. På sunnmøre kjenner kanskje mange han frå den etterkvart veletablerte juletradisjonen, «Jul på Sunnmørsk». Under årets Fjord Cadenza får vi høyre han i fleire ulike konstellasjonar, alt frå standardjazz på Publix til Gruvekonsert i Norddal med orgelpiper frå Nidarosdomen.

Please reload