Yuka Schneider

 

Yuka Schneider er fødd i Japan. Frå 1993 til 1999 studerte ho klaver ved den statlege musikkhøgskulen i Köln, avdeling Wuppertal, Tyskland.

 

Både dei kunstnariske og pedagogiske studia gjennomførte ho hos Prof. Josef Anton Scherrer. For hennar spesielt gode resultat, blei ho tildelt DÅD-prisen.

 

Frå 1999 til 2004 spesialiserte ho seg innanfor områda klaverkammermusikk og song-akkompagnement. Dette gjorde ho på den statlege høgskulen for musikk i Mannheim, der ho fekk undervisning av Prof. Michael Hauber, Prof. Michael Flaksman og Ulrich Eisenlohr.

 

Etter avslutta studie, jobba ho som akkompagnatør ved Musikkhøgskulen i Wuppertal. Ho har delteke i mange mesterkurs for kammermusikk, songakkompagnement og klaversolo, som eksempel hos Vitaly Margulis, Elisabeth Leonskaja, Paul Badura-Skoda, Dietrich Fischer-Dieskau og ilag med Orpheus-Quartetten med fleire. Ho har gjort fleire innspelingar for TV-stasjonen SWR. Sidan 2002 har ho ein fast duo i lag med Nelly Palmer

 

Yuka Schneider er kunstnarisk ansvarlig lærar på Bergische Universitet i Wuppertal, Tyskland, sidan 2011.

Please reload