Trondheimsolistene

Trondheimsolistene er eit av Noregs mest kjende kvalitetsensemble. Orkesteret blei etablert i 1988, og er eit kammerorkester med stor programbredde og musikalsk vidsyn. Trondheimsolistene er eit profesjonelt ensemble anerkjend verda over. Dei har turnert i store delar av Europa, Asia, USA og Sør-Amerika, og konsertane er prega av humør, spontanitet og intensitet.

 

Med høg internasjonal kvalitet og ei nyskapande kunstnarisk, profil bidrar Trondheimsolistene til auka tilgang, merksemd og bevisstgjering rundt det kunstnariske uttrykket – kammermusikk.  Orkesteret har vakt stor oppsikt og anerkjennast både nasjonalt og internasjonalt grunna den høge kunstnariske kvaliteten, i kombinasjon med ungdommeleg, sprudlande og entusiastisk speleglede.