26.–30. august 2026

Festivalen

Fem dagar med verdsklasse klassisk musikk

73
Dagar
09
Timar
33
Minutt
41
Sekund

Om festivalen

Fjord Cadenza byr på ein intens festivalveke med konsertar, meisterklassar, samtalar og familieprogram — alt sett i dei mest spektakulære arenaene i Sunnmøre-regionen.

Arenaer

Bjørndals Minne

Bjørndals Minne

Ulsteinvik

Ei ny kulturoase midt i Ulsteinvik sentrum

Nerskøystøa

Nerskøystøa

Skodje

I 2022 hadde Fjord Cadenza sin aller første konsert i fjøresteinane på Nedreskodje. Ei fantastisk oppleving, med ein fantastisk arena. Vi håper det kan bli tradisjon å skape minnerike konsertopplevingar her.

Ålesund Kirke

Ålesund Kirke

Ålesund

Ålesund kyrkje er ei langkyrkje i mur som ligg i Ålesund og Volsdalen sokn i Ålesund kommune. Ho er teikna av arkitekt Sverre Knudsen og vart oppført og vigsla i 1909. Kyrkja har 800 sitjeplassar. Kyrkja har vernestatusen «listeført» (etter 1850).

Jentekolonien

Jentekolonien

Skodje

Jentekolonien er ei historisk og verna bygning i Skodje som leigast ut til frivillige organisasjonar, selskap, arrangement og møter. I tilknytning til huset er òg ein park som er 1000-års staden i Skodje. Huset har selskapslokale, nytt moderne kjøkken med dekketøy og utstyr, samt ei mindre stove der det er mogleg å trekkje seg tilbake.

Dale Gruvemuseum

Dale Gruvemuseum

Norddal

Ein av våre mest unike konsertscener denne festivalsesongen er i gruvene i Norddal. Vi har arrangert konsert med Fjord Cadenza her før, og garanterer ei oppleving utanom det vanlege. Akustikken og atmosfæra i ei gruve kan ikkje samanliknast med noko anna. Det må opplevast.

Fosnavåg Konserthus

Fosnavåg Konserthus

Fosnavåg

Eit av Norges flottaste og mest moderne konserthus finn vi i Fosnavåg. Fjord Cadenza og Fosnavåg konserthus har hatt eit tett samarbeid siden huset sto nytt i 2014.

Skodje Kyrkje

Skodje Kyrkje

Skodje

Skodje kyrkje er ei langkyrkje med korte krossarmar i tettstaden Skodje i Ålesund kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1860 og er bygd i treverk (tømmer). Arkitekt var F. Meinhardt og byggmeister var Gjert Lien og Elias Tonning frå Nordfjord.

Sykkylven Kyrkje

Sykkylven Kyrkje

Sykkylven

Sykkylven kyrkje er ei firekanta arbeidskyrkje på Aure i tettstaden Sykkylven i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1990 og bygd i betong og teglstein. Ho har ein frittståande klokkestopul. Arkitekt for bygget var Oskar Norderval. Kyrkja fekk ein pris ved Nordisk kyrkjebyggarkonferanse i Bergen i 1992.

Fabrikken Kulturscene

Fabrikken Kulturscene

Ålesund

Godt gøymd i ein av dei få bydelane av Ålesund sentrum som overlevde bybrannen i 1904, i ein oase av byhistoriske bygningar – i ein nedlagt tranfabrikk i Molovegen – der finn vi Fabrikken Kulturscene.

Nerskøyløa

Nerskøyløa

Skodje

Nedreskodje gard er truleg opphavsgarden i Skodje. Segnet seier at det var her den første skodjebygdaren, Bjørn rydningsmann, slo seg ned. Staden der bygdehovdingen Gomer si grav ligg, var også under Nedreskodje.

Gomerhuset

Gomerhuset

Skodje

Gomer var truleg den første som busette seg på Skodje, mange hundreår før Kristus. Han kom etter sagnet langt borte frå og slo seg ned på denne vakre staden. Han hadde nok med seg fleire, og sagnet antyder at Gomer fungerte som ein bygdehøvding

Parken kulturhus

Parken kulturhus

Ålesund

Hovudsalen er byen si storstue – til teater, konsertar og konferansar. Foajeen er eit fleksibelt lokale, som både fungerer som publikumsområde for forestillingar i hovudsalen, og som kan huse eigne forestillingar og ulike typer opne og lukka arrangement.