Bli frivillig i Fjord Cadenza
Fjord Cadenza blir ikkje til av seg sjølv. Bak kvar konsert, kvart arrangement og kvar publikumsoppleving står eit stort lag av frivillige som bidreg med tid, engasjement og godt humør.
Som frivillig blir du ein del av fellesskapet som skaper festivalen frå innsida. Du møter nye menneske, får oppleve festivalen frå kulissane og bidreg til å skape kulturopplevingar for tusenvis av publikummarar. Mange av våre frivillige kjem tilbake år etter år fordi dei finn både vennskap, meistring og sterke opplevingar gjennom festivalen.
Det er ei heilt eiga oppleving å stå bak kulissane når publikum strøymer inn, kjenne forventningane byggje seg opp før konsertstart og sjå resultatet av innsatsen når salen fyllest av musikk, latter og applaus.
To gratis festivalbillettar som du kan bruke sjølv eller gi bort
Fri inngang på alle festivalarrangement ved ledig kapasitet
Eiga Fjord Cadenza-t-skjorte
Invitasjon til kickoff og etterfest festivalen med varmmat
Nye bekjentskap og eit stort frivilligteam som heiar på kvarandre
Når du registrerer deg som frivillig kan du velje opptil tre arbeidsområder i prioritert rekkefølgje. Vi prøver så langt det er mogleg å tildele alle sine førsteval, men av omsyn til festivalen sine behov kan enkelte få ei kombinasjon av fleire oppgåver.
Hjelp til med matservering for frivillige, artistar, samarbeidspartnarar eller publikum. Oppgåvene kan inkludere førebuing, servering, kaffikoking, rydding og praktisk drift av serveringsområde.
Møt publikum ved inngangen til arrangementa. Oppgåvene omfattar billettskanning, informasjon, publikumsvertskap og hjelp til å sikre gode publikumsopplevingar.
Dokumenter festivalen gjennom foto og video. Passar for deg som har erfaring eller interesse for fotografering, innhaldsproduksjon og visuell formidling.
Bidra med opp- og nedrigg av scener, stolar, skilting, utstyr og arenaer. Dette er ei praktisk gruppe som er sentral for gjennomføringa av festivalen.
Hjelp til med innhald på sosiale medium under festivalen. Oppgåvene kan vere foto, video, stories, publisering og dekning av arrangement.
Køyr artistar, gjester, utstyr eller personell mellom arenaer, hotell og transportknutepunkt. Førarkort er nødvendig.
Ta imot og følg opp sponsorar og samarbeidspartnarar. Bidra til at gjestene våre føler seg velkomne og får ei god festivaloppleving.
Hjelp til med vertskap og praktisk gjennomføring av festivalen sine kunstutstillingar. Oppgåvene kan inkludere publikumsmottak, informasjon og tilsyn.
Ver med på å ta vare på artistane våre. Oppgåvene kan vere mottak, informasjon, backstage-vertskap, servering og praktisk hjelp under opphaldet deira
Når du er registrert som frivillig vil du få tilgang til di eiga frivilligside. Her kan du oppdatere tilgjengelegheit og personopplysningar, samt sjå tildelte vakter etter kvart som desse blir planlagde.
Vi vil gjere vårt beste for å sørgje for at alle får oppgåver innanfor sine ønskjeområde. Endeleg gruppetildeling og kontaktinformasjon til gruppeleiar blir sendt ut seinast to veker før festivalstart.
Mellom fjordar, fjell og vakker sunnmørsnatur treng vi fleire eldsjeler på laget. Vi håpar du vil vere med og skape Fjord Cadenza saman med oss.