Avslutningskonsert // 30-års jubileumskonsert
sep.
3.

Avslutningskonsert // 30-års jubileumskonsert

30-årsjubileet til Fjord Cadenza skal markerast med ein spinnvill konsert i Nerskøystøa! Det blir eit show av det sjeldne slaget – for kor mange gongar kan ein få sjå Ole Edvard Antonsen, The Brazz Brothers og Bjørn Tomren på éi og same scene? Ta turen! Dette blir ei oppleving av det sjeldne slaget!

Vis arrangement →
Operapub i Nerskøyløa
sep.
2.

Operapub i Nerskøyløa

OperaPub er ein fantastisk måte å oppleve opera på! Anten du aldri har opplevd sjangeren, om du et opera til frukost, eller noko midt i mellom, er dette noko som må opplevast. Dette er eit høve til å kome tett på nokre av Noregs største operasongarar, og møte sjangeren i ei uformell drakt.

Vis arrangement →
INTRO // MiHelKen
sep.
2.

INTRO // MiHelKen

MIHELKEN er eit unikt samarbeid mellom slagverkarane Miki Campins, Helge Nordbakken og Kenneth Ekornes. Tilsaman omfavnar dei så og seie heile den rytmiske verda, og resultatet av dette er det ingen som veit – enno. Saman har dei skapt eit musikalsk verk utvikla spesielt for festivalen!

Vis arrangement →
Korpsseminar med Brazz Brothers
sep.
2.

Korpsseminar med Brazz Brothers

Fjord Cadenza og Norges Musikkorps Forbund Nordvest inviterer skulekorpsa våre til å delta på ei helg med gehørspel med The Brazz Brothers i samband med Fjord Cadenza sitt 30-årsjubileum. Tilbodet gjeld for dei som har meldt seg på innan fristen 15. august.

Vis arrangement →