Førjulsallsong
GratisarrangementIntro

Førjulsallsong

Del av Intro

Hjarteleg velkomen til herleg førjulsstemning for absolutt ALLE! Det blir fest med englar og basunar, luciatog, små og store nissar, og julegrantenning med gange rundt treet.


Legg må-gjere-lista til side og gled deg til ei 
god, gamal sangstund og høgtideleg tenning 
av julegrana på Skodje.
Å synge julesongar i lag er kultur og tradisjon. 
Og kanskje aller viktigast: det er skikkeleg triveleg for både store og små! Og det er så enkelt som dette: om vi ikkje syng julesongane, så forsvinn dei. Denne førjulsstunda blir eit gyllent høve til 
å få friska opp og børsta støv av dei gode gamle julesongane så vel som ei påminning om at det kjem stadig nye julesongar til.


Vi skal sjølvsagt tenne adventslys saman.
Tilbodet er gratis! Stemninga er topp! Gløgg, pepperkaker og klementinar et vi i lag etterpå.

Medvirkende

Skodje Skulekorps
Eli-Marita Håker
Knut Ivar Bøe

Detaljar

Dato
laurdag 28. november 2026
Tid
16:30–17:30
Kategori
Gratisarrangement
← Alle konsertar