Espen Berg Trio
Konsert

Espen Berg Trio

Espen Berg Trio er ein prisvinnar og kritikarrost norsk pianotrio med eit nedslagsfelt som strekkjer seg langt utanfor landets grenser. Trioen har selt ut konsertsalar i Tokyo, Guangzhou, Milano, Berlin, Aten og Hong Kong, og vart omtala av britiske Jazz Journal som ein av dei aller beste trioane i verda. I juni 2026 slepp dei sitt femte album, Entropies, og tek med seg fersk musikk til Fjord Cadenza.

Entropies krins rundt spenninga mellom orden og oppløysing – det planlagde og det umiddelbare. Berg har skrive eit knippe kruttststerke melodiar, men utfordrar òg med spontankomponerte låtar og polymetriske strukturar som plasserer både trioen og lyttarane heilt fremst på stolkanten.

Espen Berg vart omtala som ein meisterpianist av All About Jazz allereie etter debuten med Noctilucent (2012). Hans siste soloutgjeving, The Kempen Concert (2025), vart hylla som ei av dei viktigaste pianoinnspelningane nokosinne av tyske Radiohoerer. Berg er utnemnd til offisiell Steinway-artist og er aktiv i ei rekkje samarbeid med mellom andre Silje Nergaard, Mathias Eick og Hildegunn Øiseth.

Konserten er eit samarbeid mellom Fjord Cadenza og Jazzsirkelen 


Detaljar

Dato
torsdag 27. august 2026
Tid
21:00–22:00
Kategori
Konsert
Kjøp billettar
← Sjå festivalprogrammet

Meir på same stad