Reiersrud og Sundstøl hyller Purcell
Konsert

Reiersrud og Sundstøl hyller Purcell

Servile gitarduettar, framførte med fotskammel og sjakke, vert det likevel ikkje. Her får vi frimodig improvisasjon og avstikkarar til den Ville Vesten, den indiske mystikken og til den svenske synda. Purcell si musikk har ein heilt eigen emosjonell djupnad. Verka er ofte grandiost arrangerte for store orkester. Samstundes har ho ein djupnad som mellom anna har skapt nokre av filmmusikkens sterkaste augneblinkar. Det er denne djupt menneskelege og varmande kjernen i tonespråket som dei to ønskjer å formidla med gitarane sine. Gjennom Reiersrud og Sundstøl sine tolkingar er det som om ein fornemmer røtene til den britiske popmusikken sin -universelle kvalitet. Kombinert med det faktum at begge musikarane tidleg fall i den afrikanske/amerikanske musikkgryta, ligg det an til uhøyrd og kosmisk strengemagi på scena.

Konserten er eit samarbeidsprosjekt mellom Parken kulturhus og Fjord Cadenza.

Praktisk informasjon

Detaljar

Dato
laurdag 29. august 2026
Tid
21:00–22:15
Kategori
Konsert
Billettar
← Sjå festivalprogrammet

Meir på same stad

Reiersrud og Sundstøl hyller Purcell | Fjord Cadenza